Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                

Faktaboks

Administrasjonssenter
Askvoll
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Sogn og Fjordane)
Innbyggjartal
2 986 (2024)
Landareal
313 km²
Høgaste fjell
Blægja (1305 moh.)
Innbyggjarnamn
askvolling
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4645 (frå 01.01.2020, tidlegare 1428)

Kommunevåpen

Kart: Askvoll kommune i Vestland
Askvoll kommune i Vestland fylke.
Kart: Askvoll kommune i Vestland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Askvoll (strandparti)

Askvoll. Strandparti med Askvoll kyrkje i bakgrunnen. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.

Askvoll er ein kommune i Sunnfjord i Vestland fylke. Kommunen omfattar områda mellom Dalsfjordens og Førdefjordens ytre del og øyene utanfor.

Askvoll kommune grensar til Sunnfjord i aust. Nord for Førdefjorden ligg Kinn, og på andre sida av Dalsfjorden i sør ligg Fjaler.

Den noverande kommunen blei i hovudsak danna i 1964, då områda langs sørsida av Førdefjorden blei innlemma frå dei tidlegare kommunane Bru og Vevring. I 1990 blei Askvoll sitt område sør for Dalsfjordens munning overført til Fjaler kommune, medan eit område nord for Dalsfjorden blei overført frå Fjaler til Askvoll.

Natur

Askvoll med Atløy i bakgrunnen.

Askvoll

Størstedelen av Askvoll ligg på Askvollhalvøya. Vest for halvøya ligg større og mindre øyar, der den største er Atløy. Lengst ute ligg Værlandet og Bulandet. Eit stort område på den sørvestlege delen av Værlandet er freda som Sørværet naturreservat. Nord for Værlandet ligg Alden.

Berggrunnen i Askvoll er for ein stor del sett saman av gneis som tilhøyrer Gneisregionen. Over dette grunnfjellet ligg kambrosiluriske sediment, som dominerer fjordbreddene på sørsida av Førdefjorden og nordsida av Dalsfjorden og øyane. Vidare finst overskovne kaledonske og harde, skrinne devonske bergartar som tilhøyrer devonfeltene på Vestlandet. Devonbergartene dannar dei høgaste partia i kommunen på halvøya mellom Dalsfjorden og Førdefjorden. Høgaste punkt er Blægja på 1304 meter over havet. Strandflata har ei avgrensa utbreiing.

Busetnad

Folketal

1951 3293
1952 3274
1953 3213
1954 3173
1955 3137
1956 3148
1957 3156
1958 3117
1959 3145
1960 3143
1961 3110
1962 3120
1963 3104
1964 3585
1965 3548
1966 3553
1967 3569
1968 3580
1969 3560
1970 3559
1971 3492
1972 3492
1973 3436
1974 3392
1975 3373
1976 3310
1977 3353
1978 3347
1979 3333
1980 3341
1981 3392
1982 3408
1983 3418
1984 3427
1985 3439
1986 3412
1987 3403
1988 3363
1989 3341
1990 3539
1991 3533
1992 3551
1993 3485
1994 3481
1995 3471
1996 3465
1997 3442
1998 3424
1999 3393
2000 3349
2001 3379
2002 3344
2003 3314
2004 3260
2005 3229
2006 3182
2007 3143
2008 3065
2009 3031
2010 2999
2011 3000
2012 3010
2013 3018
2014 3011
2015 3008
2016 3023
2017 3065
2018 3052
2019 3038
2020 3011
2021 2991
2022 2951
2023 2949
2024 2986
Kilde: Statistisk sentralbyrå

Busetnaden i Askvoll ligg ved botnen av bukter og viker, men også langs fjordsidene, der det finst blautare kambrosiluriske bergartar og dyrkbar jord. Administrasjonssenteret er Askvoll, som ligg på fastlandet med Atløy utanfor.

Den eldste delen av tettstaden oppstod i 1880-åra. Etter at det kom ny kai på Kråkeholmen i 1956, er sentrum flytta lenger aust med ny busetnad i Prestemarka og Storehaugen. Ved Dalsfjorden ligg tettgrenda Holmedal.

Kommunen har negativ befolkningsvekst, noko som er forventa å halde fram mot 2050.

Det er éin tettstad i kommunen (ifylgje Statistisk sentralbyrås definisjon): Askvoll med 730 innbyggjarar (2023). 24 prosent av innbyggjarane i kommunen bur her. Tettstaden er 0,7 km².

Kart over Askvoll kommune
Kart over Askvoll kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Jordbruket er basert på mjølkeproduksjon og sauehald, og jordbruksarealet består hovudsakleg av dyrka og udyrka eng. På øyane er fiske, som går føre seg i nærområde, av stor betydning.

Industrien sysselset 14 prosent av dei yrkesaktive i kommunen (2001). Industrien blir dominert av metallvareindustri (knivproduksjon) og næringsmiddelindustri (fiskeforedling). Hermetikkfabrikken, som vart driven i åra 1919 til 1993, var hjørnesteinsbedrift i bygda. Kommunen har òg sumarturisme.

Askvoll har middels stor vasskraftproduksjon. Dei elleve vasskraftverka i kommunen produserer til saman 107 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Øvre Markevatn (i drift fra 1938), som står for om lag ein fjerdedel av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Stongfjord (1907) og Oslandsbotn (1984). SFE Produksjon er hovudeigar av om lag åtti prosent av vasskraftproduksjonen i kommunen. Nest største eigar er Rivedal Kraftverk med om lag ein tiandedel.

Samferdsel

Havna og sentrum i Askvoll.

Askvoll

Askvoll har samband med resten av fylket på fylkesveg 57 langs Førdefjorden. Dalsfjordbrua er ei veibru over Dalsfjorden som ein del av Dalsfjordsambandet på fylkesveg 609 som opna i 2013. Vegstandarden er moderat, særleg på øyane. Frå fastlandet er det ferjesamband med Atløy på fylkesveg 608, Værlandet og Bulandet. Hurtigbåt til Bergen og Florø.

Administrativ inndeling og offentlige institusjoner

Askvoll høyrer til Vest politidistrikt, Sogn og Fjordane tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet HAFS regionråd saman med Fjaler, Hyllestad og Solund.

Askvoll kommune svarer til soknet Askvoll i Sunnfjord prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Askvoll til Sønd- og Nordfjord fogderi i Nordre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Askvoll

For statistiske formål er Askvoll kommune (per 2016) delt inn i to delområde med til saman 18 grunnkrinsar:

  • Nordsida: Askvoll, Ask, Olset, Strømmen, Stongfjorden, Stubseid, Vågane, Gjelsvik, Rørvik, Vårdal, Holmedal/Bakke, Rivedal
  • Øyane: Kumle, Høyvik, Herland, Vilnes, Værlandet, Bulandet

Historikk og kultur

Vilnes kyrkje.

Vilnes kyrkje

Av .
Lisens: CC BY 2.0

På Atløyna og Staveneset er det store helleristingsfelt. Ved Leirvåg på Atløy ligg det eldste kjende helleristningsfeltet på Vestlandet. I Askvoll sentrum har det lege prestegard og kyrkje sidan mellomalderen, men dagens kyrkje er frå 1863. I kommunen ligg òg Vilnes kyrkje, ei vakker trekyrkje frå 1600-talet.

Det har tidlegare vore gruvedriftkopar i Grimelid ved munningen av Førdefjorden. Det var drift der i tre periodar mellom 1759 og 1920. Ved Stongfjorden låg Nordens første aluminiumverk i perioden 1908–1945. Frå Rivedal kom Ingolv Arnesson, den første landnåmsmannen som tok varig bustad på Island i 874. I Reykjavik er det reist ei stor statue av Ingolv Ørnsson, og i 1961 vart det sett opp ein kopi i Holmedal.

Avisa Firda er den største avisa i kommunen, og ho dekkjer alle kommunane i Sunnfjord. Avisa har hovudkontor i Førde, vart grunnlagt i 1918, kjem ut seks dagar i veka og er redigert på nynorsk.

Kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1990) har eit utskrådd gjennombora sølvkors mot grøn bakgrunn. Motivet viser til steinkrossen i Korssund frå tidleg mellomalder, som det er knytt ei segn om Olav den heilage til.

Namn

Namnet er etter garden Askvoll, norrønt Askvǫllr, og er samansett av trenamnet ‘ask‘ og ’voll, grasgrodd slette’.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Flokenes, Kåre: Stadnamn i Askvoll, 1999.
  • Follevåg, Arvid A.: Askvoll: Kommunesenteret ved Sunnfjordleia, 2006.
  • Loftheim, Abraham og Svein Åge Knudsen: Askvoll bygdebok, 1963-, 3 bind i 4.
  • Losnegård, Gaute: Dalsfjordboka: Frå Gaularfjellet til Bulandet, 1999.
  • Losnegård, Gaute: Havfolk og fjordfolk: Allmennsoge for Askvoll, 2009.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg