Hadia Tajik starta sitt politiske arbeid som leiar av Strand AUF frå 1999 til 2002 og som politisk nestleiar i AUF i Rogaland frå 2001 til 2003. Frå 2008 var ho medlem av sentralstyret i AUF.
Tajik har vore politisk rådgjevar i fleire departement. I 2006 vart ho politisk rådgjevar i Arbeids- og inkluderingsdepartementet, og i 2008 hadde ho eit vikariat som rådgjevar på Statsministerens kontor. Ein kort periode arbeidde ho også i Justisdepartementet før ho i 2009 var attende som politisk rådgjevar i Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
I perioden 2009-2017 var Tajik vald til stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Oslo. Frå 2017 er ho stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Rogaland. Ho sa frå seg attval frå Rogaland foran stortingsvalet 2025 og forsøkte i staden å bli innvald frå Oslo. Nominasjonskomiteen i Oslo Arbeidarparti foreslo henne på sikker andreplass på lista, men ho tapte kampvoteringa på nominasjonsmøtet for Kamzy Gunaratnam.
Under regjeringa Stoltenberg II var Tajik kulturminister i perioden 2012 til 2013. Då blei ho den yngste norske statsråden nokonsinne. Den raudgrøne regjeringa tapte stortingsvalet i 2013, og Hadia Tajik gjekk av som kulturminister.
I perioden 2013–2017 var Hadia Tajik leiar for justiskomitéen på Stortinget. Ho vart òg nestleiar i Arbeidarpartiet i 2015. Ved stortingsvalet 2017 vart Tajik vald inn til si tredje periode som stortingsrepresentant og vart nestleiar i arbeids- og sosialkomiteen. I perioden 2019–2021 var ho første nestleiar i finanskomiteen på Stortinget. Ho var også parlamentarisk nestleiar i Arbeiderpartiet 2017–2021. Ved stortingsvalet 2021 vart ho vald inn til si fjerde periode på Stortinget, og gjekk samstundes inn som arbeids- og inkluderingsminister i regjeringa Støre. Men ho måtte trekkje seg i mars 2022 etter avsløringar om uklåre leigekontraktar for å skaffe seg pendlarbolig i si tid som politisk rådgjevar. Ho trakk seg og som nestleiar i partiet.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.