Fire prosent av arbeidsplassane i kommunen er i primærnæringane (2019). Landbruket har hovudvekt på mjølkeproduksjon og skogsdrift, og det blir også halde noko sau. Skogavverkinga i 2021 var 22 290 kubikkmeter, og av dette utgjorde furu 72,8 prosent.
Industrien omfattar 33 prosent av arbeidsplassane i kommunen, 44 prosent inkludert bygge- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning og renovasjon (2019). Den viktigaste industribransjen er næringsmiddelindustrien med mellom anna Voss Production AS på Vatnestrøm, den største bedrifta i kommunen, som driv tapping av drikkevatn på flasker. Den andre store industribransjen i kommunen er trelast- og trevareindustrien med mellom anna Moelven Limtre AS avdeling Agder og Dørfabrikken Vatnestrøm AS. Desse to bransjane hadde i 2019 høvesvis 66 og 29 prosent av industriarbeidsplassane i kommunen.
Iveland er kommunen med åttande størst vasskraftproduksjon i Agder, og er ein middels stor kraftkommune på landsbasis. Dei fire vasskraftverka i kommunen produserer til saman 623 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Iveland (i drift fra 1949), som står for om lag tre fjerdedeler av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Nomeland (1920) og Kvernhusdalsbekken (2005). Å Energi Vannkraft er hovudeigar av nesten all vasskraftproduksjonen i kommunen.
Av dei yrkesaktive som er busette i Iveland, har 66 prosent arbeid utanfor kommunen. 30 prosent arbeider i Kristiansand, 18 prosent i Vennesla, sju prosent i Evje og Hornnes og resten av kommunane i Setesdal og seks prosent i resten av Agder (2019).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.