Vest-Telemark museum er regionmuseum for Vest-Telemark. Det driv ei lang rekke museum, bygdetun, utstillingar og samlingar i dei seks kommunane i regionen: Vinje, Tokke, Seljord, Kviteseid, Fyresdal og Nissedal. Hovudanlegget og administrasjonen ligg i Eidsborg i Tokke kommune. Museet er ein stiftelse og vart oppretta i 2002.
Kjerneverksemda er å samle inn, dokumentere, ta vare på og formidle regionens kunst- og kulturhistorie gjennom utstillingar og bygningar. Museet har også ansvar for privatarkiv, gjenstandssamlingar og kulturminne. I tillegg er museet ein aktiv utviklingsaktør som gjennomfører prosjekt innan kultur, reiseliv og internasjonalt samarbeid.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.