Dei mangesidige evnene han hadde vist, men truleg også hans dårlege privatøkonomi, gav bakgrunn for at Peter Anker vart send til India. I 1786 vart han utnemnd til oberst og generalguvernør i den danske kolonien Trankebar (på Coromandelkysten sør for Madras), men først i mai 1788 var han på plass og då med tittel av generalmajor.
I denne stillinga møtte han store utfordringar frå mange kantar. Som guvernør har han eit godt ettermæle, sjøl om ikkje alle ting gjekk knirkefritt. På grunn av vanskeleg kommunikasjon til København tok han seg til tider store fullmakter. Fleire av hans disposisjonar kan nok kritiserast, men i motsetnad til mange av dei personar han fekk med å gjera, var han ein fiende av korrupsjon og å tjene pengar på sin posisjon.
For Anker vart det ein vanskeleg balansegang når det skulle takast omsyn til britiske og franske interesser, til indre indiske stridar, og til konfliktar i hans eige embetskorps. Kontakten med København var viktig, og motstandarar prøvde å undergrava den tillit han hadde der. Ein periode etter 1795 syntest dei å lykkast gjennom klagemål framsette av ein vidløftig indar direkte til kronprins Frederik (den seinare Frederik 6.), som sette ned ein granskingskommisjon. Ein god støttespelar hadde Peter heile tida i broren, som var medlem av Commercekollegiet og seinare direktør i Det asiatiske kompani. Både frå indisk og frå britisk hald i India vart det gjeve dei beste skussmål, og stemninga vart etter kvart snudd til beste for Anker. Etter lange prosessar vart indaren dømd ærelaus for sine skuldingar.
Peter Anker la alltid vekt på å ha eit godt forhold til britane. Han fekk ekstra store problem under konflikten mellom Danmark og Storbritannia i 1801 (slaget på Københavns red under napoleonskrigane, då Storbritannia angreip Danmark). Trankebar vart annektert av britisk hærmakt i 1801–1802, men dette skjedde i rolege og ordna former. Guvernøren handterte situasjonen så godt at han jamvel kom ut med økonomisk vinst. Frå København vart han heidra med utnemning til riddar av Dannebrogordenen i 1804. Då hadde han ei tid hatt sterke ønskje om å slutta som guvernør.
Økonomisk vart guvernørposten aldri den suksess Anker hadde vona. Tida då det kunne skapast formuar i Trankebar, var over. Løna var 3000 riksdalar i året, men forbruket og utgiftene var så høge at han opparbeidde seg gjeld. Då han forlet Trankebar i 1806, hadde han ei gjeld til kongens kasse på 21 000 riksdalar. Den vart avvikla på ein skånsom måte, og han fekk ha løna si på 3000 riksdalar som pensjon.
Kongen ville framleis ha han i teneste, men Anker kjente seg utsliten både psykisk og fysisk, og han var ikkje frisk ved avreisa frå India til Storbritannia, der han hadde eit lengre opphald. Endeleg avskil fekk han i juli 1807, og i 1808 slo han seg ned på garden Øraker vest for Christiania, der han for det meste heldt seg resten av si levetid.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.