Den årlege tilveksten av sitkagran i Noreg ligg no på rundt 600 000 kubikkmeter på produktiv og uproduktiv skogsmark. Produktiv skogsmark er der det kan drivast økonomisk skogbruk og kor marka har ein årleg produksjonskapasitet på minst 0,1 kubikkmeter per dekar. Mark under kraftlinjer, naturverna skogområde og andre område der det ikkje kan drivast økonomisk skogbruk blir ikkje omfatta av dette definerte omgrepet skogsmark. På omgrepet uproduktiv skogsmark er produksjonskapasiteten under 0,1 kubikkmeter per dekar. Sitkatre har ein formidabel tilvekst, mykje større enn norske grantre som på dei beste bonitetane har ein årleg tilvekst på 1,0–1,2 kubikkmeter per dekar.
I NIBIO-rapporten «En sammenligning av produksjonen hos vanlig gran og sitkagran i Norge» er det dokumentert at volumtilveksten i gjennomsnitt var 53 prosent høgare for sitkagran enn for vanleg gran.
Tabellen nedanfor viser volum utan bork i 1000 kubikkmeter (m³) og årleg bruttotilvekst utan bork i 1000 m³/år for sitkagran/lutzgran og andre introduserte artar av slekta Picea. Tidsserie for både produktiv og uproduktiv skog der angitt år er referanseår for takstperioden i Landsskogtakseringa.
År
|
Volum utan bork (1000 m³)
|
Årleg bruttotilvekst utan bork (1000 m³/år)
|
1991
|
1 382
|
144
|
1996 |
2 204
|
181
|
2000
|
3 200
|
256
|
2005
|
4 758
|
369
|
2010
|
6 674
|
386
|
2015
|
9 098
|
462
|
2020
|
10 078
|
473
|
Tilvekstforskjellen mellom vanleg gran og sitkagran aukar dess lenger nord vi kjem. I Nord-Noreg var forskjellen i stammetilvekst i NIBIO sitt materiale i gjennomsnitt 86 prosent, men på Vestlandet viste instituttets feltforsøk ein tilvekstforskjell på gjennomsnittleg 38 prosent. Volumtilveksten i sitkagran er stor også i høg alder, medan han då minkar noko i vanleg gran. Høgste alder på sitkagranene i undersøkinga til NIBIO var 92 år.
Det er sagt at ein godt kan vente med avverking av sitkabestand heilt til dei er opp mot 200 år gamle. Sitkagran utnyttar altså markas produksjonsevne mykje betre i kyststrøka enn vanleg gran. Dette gjeld særleg i siste halvdelen av produksjonsomløpet.
På Vestlandet ligg årleg tilvekst av sitka på cirka 2 kubikkmeter per dekar. Men den kan også vere høgare. I Nord-Noreg er den årlege tilveksten rundt 1,2–1,5 kubikkmeter per dekar. Ifølgje NIBIO viser enkelte registreringar at sitkagran årleg kan produsere nesten dobbelt så mykje som desse tala seier.
Registreringar i eit sitkabestand som Norsk institutt for skogforskning (ein del av NIBIO) utførte på Vestlandet, dokumenterte følgjande:
- Treas alder: 47 år
- Antal tre etter tynning: 70
- Utteke tynningsvolum: 37 kubikkmeter per dekar
- Volum etter tynning: 57 kubikkmeter per dekar
- Total virkesproduksjon: 94 kubikkmeter per dekar
- Årleg løpande tilvekst: 3,6 kubikkmeter per dekar
- Middelhøgde etter tynning: 25,7 meter
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.