Gustav 1. Vasa var konge i Sverige i perioden 1523–1560. Han var son av riksråd Erik Johansson Vasa og Cecilia Månsdotter, blei oppfostra ved hoffet til Sten Sture den yngre og utmerkte seg i krigen mot danskane i 1517–1518.
Gustav 1. Vasa
Faktaboks
- Fødd
- 1496
- Død
- 29. september 1560, Stockholm, Sverige
- Levetidskommentar
- trolig født 12. mai 1496
Vegen til trona
I 1518 var Gustav 1 blant gislane som Christian 2. bortførte til Danmark, men han klarte året etter å rømma til Lübeck, og kom i 1520 tilbake til Sverige. Etter Stockholms blodbad flykta han til Dalarna og prøvde å reisa bøndene til opprør. Som Dalarnas valde leiar i 1521 fekk han snart tilhengjarar over heile landet og blei hausten same år vald til riksforstandar. I 1522 inngjekk han forbund med Lübeck, fekk flåtehjelp derfrå og blei på riksmøtet i Strängnäs 6. juni 1523 vald til svensk konge. Han gjorde inntog i Stockholm kort tid etter.
Gustav 1. Vasas kongedømme
Gustavs stilling var i byrjinga svak, gjelda til Lübeck var enorm, og dei mange tilhengjarane av huset Sture konspirerte mot han. Dei tunge skattane fekk bøndene til å gjera opprør fleire gonger (mellom anna i 1525, 1527, 1531 og dessutan det farlege opprøret i Småland i 1542–1543, Dackefeiden).
På riksdagane i Västerås i 1527 lykkast det Gustav å få gjennomført ein omfattande reduksjon av kyrkjegodset og sjølv bli overhovudet i kyrkja. Gustav ville til å byrja med ikkje innføra noka fast kyrkjeordning, men omkring 1540 gjekk han over til ein hardare kyrkjepolitisk kurs. Kyrkja mista si forholdsvis sjølvstendige stilling og kom under full kontroll av staten.
Omtrent samstundes gjorde han omfattande reformer i forvaltninga og oppretta «kammaren» som skulle leia den økonomiske forvaltninga, og utvida og omorganiserte kanselliet. Kongens maktstilling auka vesentleg etter at stendene i 1544 vedtok den såkalla «Västerås arvförening», som gjorde Sverige til eit arverike. Gustav Vasa hadde dimed styrkt makta si og styrte eineveldig. Gjennom å inndra lena til krona og erstatta dei tidlegare lensherrane med lojale futar og statthaldarar, fekk han kontroll over heile landet. Sverige blei ei vel organisert og fast samansveisa rikseining, og Gustav Vasa har blitt rekna som grunnleggjaren av den svenske nasjonalstaten.
Gustav var særleg interessert i økonomiske forhold og var mindre oppteken av utanrikspolitikk. Etter at han hadde gjort eit mislykka forsøk på å få kontakt med dei protestantiske statane i Tyskland, innretta han seg stort sett på ein fredeleg utanrikspolitikk. Forholdet til Danmark var i heile regjeringstida hans gjennomgåande bra. Dei to sønene hans, Erik og Johan, ønskte å føra ein meir ekspansiv utanrikspolitikk, og i Gustavs siste leveår kom det difor til eit motsetningsforhold mellom han og sønene.
Sveriges landsfader
Biletet av Gustav Vasa som landsfader er noko prega av hans eigen propaganda, men det er heva over tvil at då han døydde, var Sverige eit samla rike under ein sterk og personleg prega sentralmakt. Han var på mange måtar ein typisk fyrste av 1500-talet, men kulturelt blei regjeringstida hans eit tilbakeslag. Han er gravlagd i Uppsala domkyrka.
Gustav var først gift med Katarina av Sachsen-Lauenburg. Etter at ho døydde i 1536, blei han gift med Margareta Leijonhufvud. Då også ho døydde, gifta han seg med Katarina Stenbock i 1552. I det første ekteskapet fekk han sonen Erik 14., med Margareta sønene Johan 3. og Karl 9. Han hadde endå ein son og fem døtrer.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Larsson, Lars-Olof: Gustav Vasa : landsfader eller tyrann?, 2002, isbn 91-518-3904-0
- Roberts, Michael: The early Vasas : a history of Sweden 1523–1611, 1968, isbn 0-521-06930-0
- Svalenius, Ivan: Gustav Vasa, 1950
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.