Krekling er ein krypande dvergbusk i lyngfamilien. Buskane blir mellom 5 og 30 centimeter høge.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Empetrum nigrum
- Beskriven av
- Carl von Linné
- Raudlistestatus i Noreg
- LC – Livskraftig
Empetrum nigrum ssp. hermaphroditum, krekling. Foto frå: Syöte, Finland
Empetrum nigrum ssp. hermaphroditum, krekling. Foto frå: Padjelanta nationalpark, Sverige
Empetrum nigrum ssp. hermaphroditum, krekling. Foto frå: Sverige, Kebnats N Saltoluokta
Krekling er ein krypande dvergbusk i lyngfamilien. Buskane blir mellom 5 og 30 centimeter høge.
Krekling er ein dvergbusk med eviggrøne, tjukke og smale blad. Blomane er mørkeraude og lite iaugefallande. Fruktene som blir danna, er blå-svarte steinfrukter med fleire frø. Dei er bitre om hausten, men søtnar etter frost.
I Noreg har vi to underartar av krekling: storkrekling og fjellkrekling. Storkrekling veks mest i låglandet i Sør-Noreg, er diploid (2n = 26) og har einkjønna blomar (særbu). Fjellkrekling veks over heile landet, og på Svalbard og Jan Mayen, er tetraploid (2n = 52), og har tokjønna blomar (sambu). Genetisk er populasjonane på Svalbard nærare i slekt med populasjonar på Grønland og nordlege Russland enn med populasjonar på det norske fastlandet.
Krekling finst i Europa, Asia og med underartar i Nord-Amerika. I Noreg er krekling vanleg på myr, høgfjell, lyngmark, granskog og furuskog. Artsdatabanken kategoriserer krekling som livskraftig (LC) i raudlista for både Svalbard og fastlandet (2021).
Blada, til dels også fruktene, er ein viktig del av kosthaldet til rypene om vinteren. På Island og Grønland blir bæra samla til bruk i hushaldet. På slutten av 1100-talet jaga kong Sverre dei tyske vinhandlarane ut av Bergen. Han sette i gang vinproduksjon av norske bær, og nemner spesielt krekling. I Noreg blir det også produsert vin av krekling for sal.
Nivå | Vitenskapelig navn | Norsk navn |
---|---|---|
Rike | Plantae | planteriket |
Rekke | Magnoliophyta | blomsterplanter, dekkfrøete planter, dekkfrøingar |
Klasse | Eudicots | tofrøbladete planter |
Orden | Ericales | lyngordenen |
Familie | Ericaceae | lyngfamilien |
Slekt | Empetrum | kreklingslekta |
Art | Empetrum nigrum | krekling |
Systematikken følger Artsdatabankens inndeling (2024).
Empetrum nigrum, krekling. Foto frå: Nationalpark Thy, Hanstholm Vildtreservat
Empetrum nigrum ssp. hermaphroditum, krekling. Foto frå: Kiruna, Sverige
Empetrum nigrum ssp. hermaphroditum, krekling. Foto frå: Kiruna, Sverige
Empetrum nigrum, krekling. Foto frå: Troldsting S.f. Bulbjerg, Jylland, Danmark

Empetrum nigrum, krekling. Foto frå: Vind Hede, Ulfborg, Jylland, Danmark
Empetrum nigrum ssp. hermaphroditum, krekling. Foto frå: Kiruna, Sverige
Empetrum nigrum, krekling. Foto frå: Troldsting S.f. Bulbjerg, Jylland, Danmark
Empetrum nigrum, krekling. Foto frå: Nationalpark Thy, Hanstholm Vildtreservat
Empetrum nigrum ssp. hermaphroditum, krekling. Foto frå: Kiruna, Sverige
Empetrum nigrum, krekling. Foto frå: Troldsting S.f. Bulbjerg, Jylland, Danmark
Empetrum nigrum, krekling. Foto frå: Nationalpark Thy, Hanstholm Vildtreservat
Empetrum nigrum ssp. hermaphroditum, krekling. Foto frå: Botanisk hage, Århus, Danmark
Empetrum nigrum ssp. hermaphroditum, krekling. Foto frå: Kiruna, Sverige
Empetrum nigrum, krekling. Foto frå: Troldsting S.f. Bulbjerg, Jylland, Danmark
Kommentarar (2)
skreiv Hans-Christian Myklestul
svarte Sverre O. Lundal
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.