Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Versj. 54
Denne versjonen ble publisert av Erik Bolstad 26. januar 2023. Artikkelen endret 0 tegn fra forrige versjon.

Åmli er ein kommune i Agder fylke, omkring dalføret til Nidelva og sidedalen Gjøvdal med skog- og heietraktene på begge sider, og dessutan Tovdal med Tovdalselva i sørvest. Åmli grensar i nord til Vestfold og Telemark fylke (Fyresdal og Nissedal kommunar), i vest til Bygland, i sør til Froland og i aust til Vegårshei.

Åmli kommune blei oppretta ved innføringa av det lokale sjølvstyret i 1837. Seinare blei tre av sokna skilde ut og oppretta som nye kommunar: Mykland i 1879 og Tovdal og Gjøvdal i 1908. I 1960 blei Gjøvdal slått saman med Åmli, og kommunen fekk dei noverande grensene i 1967, då også Tovdal blei tilbakeført til Åmli. Gjøvdal og Tovdal var ved samanslåinga med Åmli blant dei aller minste kommunane i landet etter folketal, og hadde då høvesvis 362 og 161 innbyggjarar.

Berggrunnen i heile kommunen høyrer til grunnfjellet, hovudsakleg ulike typar granitt, men også noko gneis. Gneisen opptrer særleg i tre område: i Tovdal nordvest i kommunen, i eit område lengst aust i kommunen, aust for Åmli tettstad, og dessutan på vestsida av sjøen Nelaug lengst sør i kommunen.

Kommunen har store heieområde som stort sett ligg under skoggrensa (700–800 meter over havet). Høgast når Trongedalsnuten (929 meter over havet) på Storrfjellet nord i kommunen, mellom Tovdal og Gjøvdal. Dei viktigaste dalføra går i nordre del av kommunen mot søraust. Sør for Åmli tettstad og Nelaug bøyer dalane av mot sørvest. Nidelva (med tilløpet Gjøv) munnar ut i Arendal, Tovdalselva i Topdalsfjorden aust for Kristiansand.

Landskapet er dominert av skog (78 prosent av totalarealet). Ni prosent av arealet ligg over skoggrensa. Den dyrka jorda er svært beskjeden, som elles i dei indre bygdene i fylket, og utgjer berre éin prosent av totalarealet.

Kommunen har fleire verna område, mellom anna Årdalen naturreservat, som grensar mot Rukkevatn naturreservat (begge barskog) og Furubuheii myrreservat, til saman 43 kvadratkilometer.

Den kaldaste månaden er januar med normal på −1,6 °C, og den varmaste månaden er juli med normal på 16,7 °C. Mest nedbør er det i november med normal på 164,4 millimeter, og minst er det i april med normal på 68,4 millimeter. Målingane er gjorde ved Nelaug målestasjon.

Busetjinga er tettast rundt administrasjonssenteret Åmli (702 innbyggjarar i 2015), som også er den einaste tettstaden i kommunen. Kommunen hadde med dette 39 prosent av innbyggjarane busette i tettstader, mot 73 prosent i fylket samla sett. Det er ei mindre tettgrend ved Nelaug stasjon søraust i kommunen og ein viss konsentrasjon av busetjing også i Tveitområdet rett aust for kommunesenteret. Elles er det noko spreidd busetjing i dalføra. Dei vestre og nordre heieområda er derimot så å seie utan busetjing.

Folketalet i kommunen gjekk — med unntak for 1970-åra — stort sett tilbake frå andre verdskrigen og fram til omtrent hundreårsskiftet. Deretter har det vore relativt stabilt. I tiårsperioden 2005–2015 viste det ein liten vekst på gjennomsnittleg 0,2 prosent årleg, mot 1,0 prosent årleg i fylket samla sett.

Åmli er den viktigaste skogbrukskommunen i fylket målt etter avverka tømmer. Kommunen hadde i 2016 ei avverking på 64 900 kubikkmeter, som utgjorde 16,5 prosent av den totale avverkinga i fylket. Jordbruket i Åmli har allsidig drift, men med hovudvekt på husdyrhald, særleg sau. Det blir også drive ein heil del birøkt. Samla har primærnæringane åtte prosent av arbeidsplassane i kommunen (2016).

Av arbeidsplassane i Åmli er 20 prosent innan industri, 33 prosent dersom ein inkluderer byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning (2014). Dette utgjer til samanlikning 22 prosent i fylket samla sett. Trelast- og trevareindustri er den dominerande industribransjen i Åmli med 76 prosent av arbeidsplassane i industrien (2013). Også møbelindustrien er av betydning.

Åmli er ein mellomstor kraftkommune, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 406 gigawattimar (GWh) per 2016. Det er åtte kraftverk i kommunen, og den største fallhøgda er 54 meter. Kraftverket med høgast snittproduksjon er Jørundland kraftverk (i drift frå 1970).

Åmli har aukande turisttrafikk, og det er etablert fleire hytteområde i kommunen.

Mange i Åmli har arbeid i andre kommunar. I 2014 gjaldt dette 37 prosent av dei yrkesaktive som er busette i kommunen. 21 prosent hadde arbeid i resten av kommunane i fylket, og 12 prosent i Arendal og 16 prosent i andre fylke.

Sørlandsbanen kryssar kommunen i søraust, med stasjon på Nelaug og sidelinje herfrå til Arendal, og dessutan godstrafikk (først og fremst av tømmer og trelast) til Simonstad på den nedlagde Treungenbanen, del av Arendalsbanen).

Den såkalla Telemarksvegen, riksveg 41 KviteseidKristiansand, går nord–sør gjennom kommunen. Frå Åmli tettstad går fylkesveg 415 søraustover mot Tvedestrand. Fylkesveg 3706 fører nordvestover gjennom Tovdal til Dale. Fylkesveg 3384 går nordvestover gjennom Gjøvdal over til Fyresdal i Vestfold og Telemark.

Åmli høyrer til Agder politidistrikt, Agder tingrett og Agder lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Østre Agder regionråd saman med Arendal, Froland, Gjerstad, Grimstad, Risør, Tvedestrand og Vegårshei.

Åmli kommune svarer til Åmli sokn i Aust-Nedenes prosti (Agder og Telemark bispedømme) i Den norske kyrkja. Det er tre kyrkjer i kommunen: Åmli, Gjøvdal og Tovdal.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Åmli til Nedenæs fogderi (futedømme) i Nedenes amt.

For statistiske føremål er Åmli kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til saman 15 grunnkrinsar: Gjøvdal, Homdrom, Sandå, Åmli 1, Åmli 2, Tveit, Skeimo, Simonstad, Mosberg, Flaten, Nelaug, Tovdal, Skjeggedal, Åmli 3 og Eppeland.

Åmli kyrkje er ei langkyrkje i tre (nygotisk stil) frå 1909. I tettstaden ligg Elvarheim museum for jakt og fangst og Åmli Bygdetun. Her fører Åmfoss bru (1918), truleg ein av dei lengste steinbruene i Nord-Europa (135 meter), over Nidelva.

Det er restar av eit gardsanlegg frå jernalderen på Jørundland i Gjøvdal.

Kommunevåpenet (godkjent i 1987) har ein oppreist bever i sølv med bakovervendt hovud på blå bakgrunn. Kommunen har tradisjonelt hatt fast beverstamme.

Namnet er sett saman av trenamnet alm og li. Åm for alm er vanleg i dialektane på Sørlandet og deler av Telemark.

  • Hodne, Torgils. Åmli: ætt og heim. Bind 1 og 2