Dei viktigaste språkfamiliane i Europa er den indoeuropeiske og den uralske, men ein finn òg tyrkiske, afroasiatiske, nordaustkaukasiske og nordvestkaukasiske språk og språkisolatet baskisk. Dersom Georgia blir rekna til Europa, kan dei sørkaukasiske språka også reknast med.
Språk i Europa
Indoeuropeiske språk
Størstedelen av befolkninga i Europa snakkar språk som høyrer til den indoeuropeiske språkfamilien, som er representert med ei rekkje ulike språkgreiner. Til den austlege gruppa av dei indoeuropeiske språka, satem-gruppa, høyrer albansk, slavisk og baltisk. Til den vestlege gruppa, kentum-gruppa, høyrer gresk, romansk, keltisk og germansk. Dersom Armenia blir rekna til Europa, kan dei kan også armensk reknast med, eit språk med både stem- og kentum-drag.
Austlege indoeuropeiske språk
Albansk har vore rekna som ein rest av det gamle illyriske språket, som hadde ei langt større utbreiing i oldtida, men opphavet til språket er usikkert.
Slavisk blir delt i austslavisk, vestslavisk og sørslavisk. Austslavisk blir igjen delt i russisk, belarusisk, rusinsk og ukrainsk. Vestslavisk omfattar polsk, sorbisk (i Lausitz i Tyskland), tsjekkisk og slovakisk. I tidleg mellomalder var slavisk utbreidd heilt til Elben og Saale i vest. Dei sørslaviske språka er slovensk, serbisk, kroatisk, bosnisk, montenegrinsk, makedonsk og bulgarsk.
Til den baltiske språkgruppa høyrer latvisk og litauisk.
Armensk utgjer ei eiga grein av indoeuropeisk.
Vestlege indoeuropeiske språk
Gresk språk har i historisk tid hatt større utbreiing enn det har no.
Dei romanske språka har stort sett behalde den utbreiinga latin hadde i Romarriket. Det er italiensk, retoromansk, fransk, oksitansk, frankoprovensalsk, spansk, katalansk, galicisk, mirandesisk og portugisisk, og dessutan rumensk lengst i aust.
Av den ein gong store keltiske gruppa er det igjen berre mindre område med bretonsk, walisisk, skotsk-gælisk, irsk og eit gjenoppliva kornisk.
Dei germanske språka blir gjerne delte i vestgermansk, med tysk, nederlandsk, frisisk (vestfrisisk, austfrisisk (saterfrisisk) og nordfrisisk), engelsk og skotsk, og nordgermansk, med dei nordiske språka dansk, svensk, norsk, færøysk og islandsk.
Uralske språk
Den uralske språkfamilien er i Europa representert med både den finsk-ugriske og den samojediske gruppa. Den finsk-ugriske gruppa har ei vestleg finsk-permisk grein og ei austleg ugrisk grein.
I den finsk-permiske greina finn vi dei samiske, dei austersjøfinske, dei mordvinske (erzia og moksja), dei permiske språka (udmurtisk og komi) og marisk. Dei samiske språka er sørsamisk, umesamisk, pitesamisk, lulesamisk, nordsamisk, enaresamisk, skoltesamisk, akkalasamisk, kildinsamisk og tersamisk. Dei austersjøfinske språka er finsk, ludisk, kvensk, meänkieli (tornedalsfinsk), estisk, karelsk, vepsisk, votisk, ingrisk og livisk. Den ugriske greina er representert i Europa med ungarsk.
I det nordaustlege Russland blir det snakka fire samojediske språk: nganasansk, enetsisk, nenetsisk og selkupisk
Tyrkiske språk
Afroasiatiske språk
På Malta blir det snakka maltesisk, som er ein vestarabisk dialekt sterkt påverka av italiensk. Maltesisk blir rekna til dei semittiske språka i den afroasiatiske språkfamilien.
Baskisk
Eit anna særmerkt språktilfelle er det baskiske språket i vest. Det viser ikkje slektskap med noko anna språk.
Kaukasiske språk
I den delen av Russland som grensar til Kaukasus og i Georgia, finn ein fleire språk som høyrer til dei tre kaukasiske språkfamiliane nordaustkaukasisk, nordvestkaukasiske og sørkaukasisk.
Til dei nordvestkaukasiske språka høyrer abasisk, abkhasisk, adygeisk, kabardinsk og ubykhisk. Det finst 31 ulike nordaustkaukasiske språk, mellom anna avarisk, lesgisk, tabasaransk, tsjetsjensk og ingusjisk. Sørkaukasisk eller kartvelsk omfattar georgisk, svanisk, lasisk og mingrelsk (megrelsk).
Språklege minoritetar i Europa
Tabellen nedanfor omfattar som hovudregel ikkje nyare innvandrargrupper som inntil relativt nyleg i ei viss utstrekking har blitt rekna som «framandarbeidarar», og heller ikkje innvandrarar frå andre verdsdelar. Hovudformålet med tabellen er å gi eit inntrykk av kor språkleg samansett Europa er, også når ein ser vekk frå desse til dels svært store gruppene.
Dei fleste medlemmene av dei ulike minoritetsgruppene snakkar nasjonalspråket i landet der dei bur, i tillegg til morsmålet sitt, og i ein del grupper er det opphavlege morsmålet i ferd med å bli fortrengt av nasjonalspråket.
Tala på minoritetsspråkbrukarar i kvart land, som er tekne frå Eberhard med fleire (2022), er høgst usikre, mellom anna på grunn av diffuse definisjonskriterium og mangelfulle data. Dette gjeld i særleg grad språka til rom, der ulike talopplysningar kan variere veldig. Russland er meint som den europeiske delen av landet.
Språk | Tal | Land |
---|---|---|
akkalasamisk | under 5 | Russland |
albansk | 60 000 | Hellas |
100 000 | Italia | |
10 000 | Serbia | |
32 700 | Montenegro | |
535 700 | Nord-Makedonia | |
aragonesisk (romansk) | 8 430 | Spania |
armensk | 5 620 | Bulgaria |
70 000 | Frankrike | |
661 000 | Russland | |
50 400 | Ukraina | |
aromunsk (rumensk) | 50 000 | Albania |
50 000 | Hellas | |
50 000 | Romania | |
aserbajdsjansk (tyrkisk) | 473 000 | Russland |
asturiansk (romansk) | 10 000 | Portugal |
100 000 | Spania | |
austfrisisk | 2 000 | Tyskland |
avarisk (nordaustkaukasisk) | 715 000 | Russland |
balkanromani | 281 000 | Bulgaria |
10 500 | Frankrike | |
40 000 | Hellas | |
5 000 | Italia | |
7 570 | Moldova | |
5 170 | Montenegro | |
40 300 | Nord-Makedonia | |
101 000 | Serbia | |
3 500 | Tyskland | |
baltisk romani | 12 000 | Belarus |
360 | Estland | |
6 700 | Latvia | |
1 350 | Litauen | |
13 600 | Polen | |
usikkert | Russland | |
basjkirsk (tyrkisk) | 1 150 000 | Russland |
baskisk | 464 000 | Spania |
72 000 | Frankrike | |
belarusisk | 1 660 | Estland |
61 600 | Latvia | |
7 110 | Litauen | |
26 700 | Polen | |
174 000 | Russland | |
56 200 | Ukraina | |
bosnisk | 172 000 | Serbia |
36 700 | Montenegro | |
bretonsk | 206 000 | Frankrike |
bulgarsk | 4 100 | Bosnia-Hercegovina |
75 900 | Hellas | |
41 800 | Moldova | |
6 250 | Romania | |
13 300 | Serbia | |
395 000 | Tyrkia | |
131 000 | Ukraina | |
caló (romani) | 30 000 | Andorra |
15 000 | Frankrike | |
5 000 | Portugal | |
40 000 | Spania | |
dansk | 21 700 | Tyskland |
elsassisk (tysk) | 900 000 | Frankrike |
enaresamisk | 300 | Finland |
enetsisk (samojedisk) | 40 | Russland |
erromintxela (romani) | 500 | Frankrike |
500 | Spania | |
erzia (uralsk) | 300 000 | Russland |
extremadurisk (romansk) | 1 500 | Portugal |
200 000 | Spania | |
fala (romansk) | 8 600 | Spania |
finsk romani | 10 000 | Finland |
1 650 | Sverige | |
frankoprovensalsk | 150 000 | Frankrike |
70 000 | Italia | |
7 000 | Sveits | |
fransk | 116 000 | Italia |
gagausisk (tyrkisk) | 115 000 | Moldova |
5 000 | Bulgaria | |
5 920 | Russland | |
22 800 | Ukraina | |
galicisk | 2 320 000 | Spania |
georgisk (sørkaukasisk) | 171 000 | Russland |
gresk | 15 200 | Albania |
ingrisk (uralsk) | 120 | Russland |
ingusjisk (nordaustkaukasisk) | 306 000 | Russland |
irsk | 141 000 | Irland |
italiensk | 829 000 | Frankrike |
3 760 | Slovenia | |
jiddisk | 7 000 | Belarus |
2 000 | Latvia | |
nokre hundre | Litauen | |
600 | Moldova | |
37 | Polen | |
640 | Romania | |
1 680 | Russland | |
3 000 | Sverige | |
5 000 | Tyskland | |
11 500 | Ukraina | |
kabardinsk (nordvestkaukasisk) | 516 000 | Russland |
kalmykisk (mongolsk) | 80 500 | Russland |
karatsjaiisk-balkarsk (tyrkisk) | 305 000 | Russland |
karelsk | 25 600 | Russland |
karpatisk romani | 6 270 | Austerrike |
123 000 | Slovakia | |
3 830 | Slovenia | |
2 710 | Tsjekkia | |
21 300 | Ukraina | |
katalansk | 3 710 000 | Spania |
126 000 | Frankrike | |
7 480 | Italia | |
kildinsamisk | 600 | Russland |
komi (uralsk) | 220 200 | Russland |
korsikansk | 150 000 | Korsika (Frankrike) |
1 000 | Sardinia (Italia) | |
krimtatarisk | 228 000 | Krim (Ukraina/Russland) |
kroatisk | 109 000 | Austerrike |
554 000 | Bosnia-Hercegovina | |
13 700 | Ungarn | |
3 010 | Montenegro | |
2 700 | Nord-Makedonia | |
19 200 | Serbia | |
72 300 | Slovenia | |
kvensk | usikkert | Noreg |
lesgisk (nordaustkaukasisk) | 402 000 | Russland |
litauisk | 23 100 | Latvia |
5 050 | Polen | |
ludisk (uralsk) | 3 000 | Russland |
lulesamisk | 500 | Noreg |
1 500 | Sverige | |
luxemburgsk | 30 000 | Belgia |
40 000 | Frankrike | |
23 100 | Tyskland | |
makedonsk | 4 440 | Albania |
1 400 | Bulgaria | |
3 520 | Kroatia | |
usikkert | Hellas | |
12 700 | Serbia | |
mari (uralsk) | 512 700 | Russland |
meänkieli | 30 000 | Sverige |
30 000 | Finland | |
mirandesisk | 15 000 | Portugal |
moksja (uralsk) | 133 000 | Russland |
nedertysk | 255 000 | Nederland |
1 000 | Tyskland | |
nenetsisk (samojedisk) | 21 900 | Russland |
nganasansk (samojedisk) | 130 | Russland |
nordfrisisk | 8 000 | Tyskland |
nordsamisk | 20 000 | Noreg |
1 700 | Finland | |
4 000 | Sverige | |
oksitansk (romansk) | 110 000 | Frankrike |
100 000 | Italia | |
4 500 | Monaco | |
3 810 | Spania | |
ossetisk (iransk) | 451 000 | Russland |
pitesamisk | 20 | Sverige |
polsk | 4 220 | Belarus |
40 400 | Latvia | |
164 000 | Litauen | |
33 600 | Tsjekkia | |
867 000 | Tyskland | |
18 700 | Ukraina | |
retoromansk | 40 000 | Sveits |
600 000 | Italia | |
rumensk/moldovsk | 16 900 | Austerrike |
5 520 | Bulgaria | |
13 900 | Ungarn | |
117 000 | Russland | |
328 000 | Ukraina | |
russisk | 6 978 000 | Belarus |
383 000 | Estland | |
79 200 | Finland | |
485 000 | Latvia | |
140 000 | Litauen | |
264 000 | Moldova | |
18 900 | Romania | |
3 180 | Slovakia | |
14 300 000 | Ukraina | |
selkupisk (samojedisk) | 1 020 | Russland |
serbisk | 1 170 000 | Bosnia-Hercegovina |
60 700 | Kroatia | |
266 000 | Montenegro | |
25 400 | Nord-Makedonia | |
16 800 | Romania | |
49 500 | Slovenia | |
sinti (romani) | 28 400 | Frankrike |
14 000 | Italia | |
14 400 | Kroatia | |
1 300 | Nederland | |
39 000 | Serbia | |
21 000 | Sveits | |
5 100 | Tsjekkia | |
80 000 | Tyskland | |
skoltesamisk | 300 | Finland |
20 | Russland | |
skotsk-gælisk | 57 400 | Storbritannia |
slovakisk | 24 900 | Austerrike |
49 800 | Serbia | |
154 000 | Tsjekkia | |
9 890 | Ungarn | |
slovensk | 4 090 | Austerrike |
133 000 | Italia | |
9 220 | Kroatia | |
1 720 | Ungarn | |
sorbisk | 20-30 000 | Tyskland |
svensk | 288 000 | Finland |
sørsamisk | 300 | Noreg |
300 | Sverige | |
tatarisk (tyrkisk) | 4 280 000 | Russland |
12 000 | Belarus | |
2 850 | Latvia | |
17 700 | Romania | |
25 800 | Ukraina | |
tersamisk | 2 | Russland |
tsjekkisk | 17 700 | Austerrike |
6 290 | Kroatia | |
2 170 | Romania | |
45 000 | Serbia | |
35 200 | Slovakia | |
tsjetsjensk | 1 350 000 | Russland |
tsjuvasjisk (tyrkisk) | 1 243 000 | Russland |
tyrkisk | 606 000 | Bulgaria |
9 700 | Hellas | |
21 300 | Kosovo | |
74 200 | Nord-Makedonia | |
25 300 | Romania | |
146 000 | Russland | |
tysk | 50 800 | Belgia |
37 800 | Danmark | |
36 000 | Italia | |
2 990 | Kroatia | |
26 600 | Romania | |
118 000 | Russland | |
2 190 | Serbia | |
5 190 | Slovakia | |
5 200 | Slovenia | |
14 100 | Tsjekkia | |
4 060 | Ukraina | |
35 200 | Ungarn | |
udmurtisk (uralsk) | 324 000 | Russland |
ukrainsk | 6 300 | Belarus |
8 010 | Estland | |
42 300 | Latvia | |
5 340 | Litauen | |
107 000 | Moldova | |
26 400 | Polen | |
48 900 | Romania | |
1 130 000 | Russland | |
5 690 | Slovakia | |
48 300 | Tsjekkia | |
umesamisk | 20 | Sverige |
ungarsk (uralsk) | 40 600 | Austerrike |
10 200 | Kroatia | |
1 260 000 | Romania | |
243 000 | Serbia | |
509 000 | Slovakia | |
8 700 | Slovenia | |
11 500 | Tsjekkia | |
162 000 | Ukraina | |
valakisk romani/romanés | 4 000 | Albania |
4 000 | Bosnia-Hercegovina | |
1 830 | Bulgaria | |
10 000 | Frankrike | |
1 000 | Hellas | |
4 000 | Italia | |
500 | Noreg | |
1 000 | Nederland | |
5 000 | Polen | |
246 000 | Romania | |
128 000 | Russland | |
1 000 | Spania | |
12 000 | Sverige | |
5 000 | Tyskland | |
54 300 | Ungarn | |
vepsisk (uralsk) | 1 640 | Russland |
vestflamsk | 1 070 000 | Belgia |
30 000 | Frankrike | |
132 000 | Nederland | |
vestfrisisk | 873 000 | Nederland |
votisk (uralsk) | 25 | Russland |
walisisk | 562 000 | Storbritannia |
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
Eksterne lenkjer
- Eberhard, David M., Gary F. Simons og Charles D. Fennig (redaktørar)(2022). Ethnologue: Languages of the World. 25. utgåve. Dallas, Texas: SIL internasjonal nettversjon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.