Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Kol

Karbon vart tidlegare kalla kolstoff på norsk, då det er det grunnstoffet det er mest av i kol.

Karbon er eit ikkje-metallisk grunnstoff. Det finst i rein form i naturen som grafitt og diamant. Karbon er òg det viktigaste stoffet i kol.

Faktaboks

Også kjend som

tidlegare kalt kolstoff (bokmål: kullstoff)

Uttale
karbˈon
Etymologi

av latin carbo, 'kol'; karbon er det viktigaste grunnstoffet i kol

Engelsk namn
Carbon

Karbon kan danne sambindingar mellom anna med hydrogen og oksygen. Sambindingar mellom karbon og hydrogen heiter hydrokarbon. Petroleum er blandingar av ulike typar hydrokarbon. Sambindingar som inneheld karbon, hydrogen og oksygen heiter karbohydrat. Sukker er eit døme på eit karbohydrat. Karbohydrat er avgjerande for alt liv.

Bruk

Blyant
Blyantar i dag består av ein stift av grafitt og leire inni ei innfatning av tre.
Av .

Ein kan nytte karbon både i rein form og i samansett form.

Rundt fem prosent av diamantane som finst i naturen eignar seg som smykkesteinar. Andre diamantar frå naturen og kunstig framstilte diamantar blir brukt som slipemiddel, borspisser, skjereverktøy, dysemateriale og anna.

Grafitt blir brukt i blyantar og som smørjemiddel.

Ei mindre rein form for grafitt er aktivt kull. Dette nyttar ein mellom anna til gjenvinning og reinsing av gassar og dampar, og reinsing av vatn. Ein nyttar og aktivt kull i behandling av nokre typar forgiftingar.

Koks er òg eit karbonrikt produkt.

Førekomst

Karbon finst mellom anna i atmosfæren, i jordskorpa, i menneskekroppen og i alle levande organismar. Reint karbon finst i naturen som diamant og grafitt. I universet finst det truleg òg i form av fulleren-varianter. Kol av ulikt slag (antrasitt, steinkol, brunkol) består òg hovudsakleg av karbon.

I petroleum (råolje og naturgass) ligg karbon kjemisk bunde, hovudsakleg med hydrogen. Petroleum og kol er danna av plantar og marine dyr ved langsam ròte og oppvarming utan lufttilførsel.

Beskrivelsen av hvordan karbon beveger seg mellom levende organismer, atmosfæren, vann og jordskorpen kalles karbonkretsløpet.

Planter og dyr

Karbon har ei viktig rolle i alle kjemiske sambindingar som vi forbind med liv. Karbon har ei sentral rolle i fotosyntesen, den viktigaste kjemiske reaksjonen for liv på jorda. Alt liv er dermed avhengig av karbon.

I organismar finst karbon i form av talrike forskjellige organiske sambindingar, til dømes DNA, protein, feitt og karbohydrat. Glukose er eit karbohydrat som kroppen vår kan få energi frå ved å forbrenne gjennom glykolysen. Menneskekroppen består av cirka 17 masseprosent karbon.

Det totale karboninnhaldet i plantar og dyr blir anslått til 270 milliardar tonn.

Mineral

Karbon inngår i fleire mineral, for det meste karbonat (til dømes kalkstein, CaCO3). Til saman utgjer karbon 0,032 masseprosent av jordskorpa. Luft inneheld 0,04 volumprosent karbondioksid, og innhaldet er aukande.

Havet

Vatn løyser store mengder karbondioksid, både i form av løyst karbondioksid i gassform og som hydrogenkarbonat (\(\ce{HCO3^{-}}\)). Det gjennomsnittlege karboninnhaldet i havvatn er 0,005 masseprosent, som svarar til eit totalt karboninnhald på 27 000 milliardar tonn.

Framstilling

Grafitt blir framstilt generelt ved spaltning av karbonholdige sambinding. Viss dette skjer ved låge temperaturar, rundt 400 °C, blir grafitten utskilt i finfordelt form, med vilkårleg orientering av dei små krystallittene og ein høgst uordna grafittstruktur. Dette er særleg tilfellet for sot, trekol og liknande. Høgare temperaturar (cirka 800 °C og meir) fører til større krystallitter, fastare samanfiltring og dessutan til auka ordning av karbonlaga. Ved omtrent 1500 °C blir fått tette, men framleis fullstendig uregelmessig orienterte aggregat av større krystall (retortegrafitt). Ved endå høgare temperaturar (rundt 2500 °C) blir fått større krystall (kunstig grafitt) med tiltakande orientering, der strukturen skil seg lite frå naturleg grafitt.

Framstillinga av kunstig grafitt skjer no ved opphetning av koks (petrolkoks) eller antrasitt i form av bakte elektrodar i elektriske omnar ved cirka 2700 °C.

Kjemiske eigenskapar

Struktur grafitt
Strukturen av grafitt. Alle kulene er karbonatom.
Struktur grafitt
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Rein grafitt og diamant er utan lukt og smak. Dei er uløyselege i alle vanlege løysemiddel, mellom anna vatn, bensin, alkohol, fortynna syrar og basar. Fullerenane er derimot løyselege i til dømes heksan og toluen.

Karbon er lite reaktivt ved vanlege temperaturar, men reagerer med dei fleste andre grunnstoff ved høge temperaturar. Karbon kan reagere med oksygen og danne anten karbonmonoksid (CO) eller karbondioksid (CO2). Tendensen karbonet har til å danne oksid gjer karbon til eit godt reduksjonsmiddel av metalloksid.

Karbon blir nytta i form av kol og koks til å framstille metall som jern, kopar, bly, sink, med fleire, ved reduksjon av dei respektive oksida. Ved desse reaksjonane blir først danna karbonmonoksid. Karbon reagerer med vassdamp under danning av karbonmonoksid, karbondioksid og hydrogengass:

\[\ce{C(s) + H2O(g) <=> CO(g) + H2(g)}\]

eller

\[\ce{CO(g) + H2O(g) <=> CO2(g)+ H2(g)}\]

Her står s for solid, det vil seie karbon i fast form, medan g står for gass.

Diamant er det hardaste av alle kjende materiale, og har òg høgast smeltepunkt (rundt 4000 °C) og termisk leidningsevne av alle grunnstoff. Tettleiken er 3,51 gram per milliliter, noko som er er betydeleg større enn for grafitt (2,22 g/mL). Fargelause, vassklare diamantar med høg glans og brytingsevne er reint karbon. Små mengder av andre stoff gjer at diamantar kan ha ulike fargar.

Ved oppvarming i luft til over 800 °C brenn diamant langsamt til CO2. Ved normale trykk og temperaturvilkår er diamant metastabil i forhold til grafitt. Sidan krystallstrukturane er så ulike, krevst oppvarming til over 1200 °C (i fråvær av luft) for å gjere om diamant til grafitt. Diamant er likevel stabil ved høge trykk, og små, kunstige diamantar kan framstillast industrielt ved å utsetje grafitt for høg temperatur (cirka 1750–2000 °C) og høgt trykk (omtrent 100 000 standard atmosfærar).

Grafitt leier godt elektrisitet og varme innan laga. Det er litt meir reaktivt enn diamant, og oksiderer langsamt i luft ved temperaturar over 450 °C.

Formar for rein karbon

Buckminsterfulleren og ei fotball
Buckminsterfullerenmolekylet og ein fotball
Buckminsterfulleren og ei fotball
Modell diamant
Strukturen av diamant. Alle kulene er karbonatom.
Modell diamant
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

I grafén er karbonatoma bunde i eit todimensjonalt plant nett, omtrent som hønsenetting. Grafén vart først framstilt i 2004 og har vist seg å ha mange interessante eigenskapar både mekanisk og elektronisk. Dei som framstilte grafén vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 2010.

I grafitt er desse netta stabla oppå kvarandre.

I diamant er kvart karbonatom bunde til fire andre karbonatom.

Sot er ei amorf form av karbon. I sot finst òg molekylsambindingar av karbon. Dei blir kalla fullerener. Det enklaste er C60, buckminsterfulleren, som har form som ein fotball. Dei som fann dei første fullerenane, vart tildelt Nobelprisen i kjemi i 1996.

Ei mellomform mellom grafén og fulleren er nanorør, som vart framstilt første gong i 1991. Også kjegler av karbonatom er framstilt.

Sambindingar

Karbon har seks proton og seks nøytron i kjernen, og seks elektron som svirrar rundt. Elektrona til karbonatomet er fordelte på to skal. På alle atom har skalet som er inst, plass til to elektron. Det neste skalet kan fyllast opp med åtte elektron. Karbonatomet bruker berre fire av desse åtte plassane. Det har altså fire «ledige» plassar i det yste skalet, noko som gjer at karbon kan danne ulike kjemiske sambindingar med andre grunnstoff.

Karbonatomet bind seg til andre atom ved kovalente bindingar. Karbonatom dannar bindingar til dei fleste grunnstoffatom. Det finst fleire sambinding av karbon enn av noko anna grunnstoff, unnateke hydrogen.

Karbonatom kan danne ulike strukturar:

  • Kjeder og ringjer der kvart karbonatom er bunde til to andre karbonatom.
  • Plane nett der kvart karbonatom er bunde til tre andre karbonatom.
  • Tredimensjonale strukturar der kvart karbonatom er bunde til fire andre karbonatom.

Sambindingar der eitt eller fleire karbonatom er bunde til hydrogenatom er sentrale i organisk kjemi. Sambindingar mellom karbon og hydrogen heiter hydrokarbon. Sambindingar mellom karbon, hydrogen og oksygen heiter karbohydrat.

Karbon har elektronegativitet 2,5, noko som er midt mellom dei minst elektronegative grunnstoffa (alkalimetalla), som har elektronegativitet 1,0, og dei mest elektronegative grunnstoffa (halogena), som har elektronegativitet 4,0.

Karbon blir løyst i mange metall (til dømes jern og titan) i fast tilstand, og dessutan i metallsmeltar.

Binære sambinding av karbon blir kalla karbidar. Det mest kjende dømet er kalsiumkarbid (CaC2) som reagerer med vatn og gir acetylen.

Med silisium, som er eit meir elektronegativt grunnstoff, dannar karbon silisiumkarbid (SiC) som ikkje reagerer med vatn, er svært hardt og har eit høgt smeltepunkt.

Moglege oksidasjonstal for karbon er +II, +IV og –IV. I uorganiske sambindingar, som karbonat, er +IV det vanelegaste. Med dei mest elektropositive grunnstoffa dannar karbon karbidar med oksidasjonstal –IV.

Isotopar

Karbon i naturen består av to stabile isotopar: 12C (98,89 prosent) og 13C (1,11 prosent). Karbon finst dessutan som ein radioaktiv isotop: 14C (10–10 prosent).

Atommasseeininga u er definert ut frå isotopen 12C, som er sett til nøyaktig lik 12 u, og massen av alle andre isotopar er gitt ut frå denne massen.

Radioaktivitet

Det er kjent ni framstilte, radioaktive karbonisotopar. Isotopen 14C har halveringstid på 5736 år. Dette vert nytta både som radioaktivt sporgrunnstoff og til aldersfastsetjing av karbonholdig materiale, såkalla C-14-datering. 14C blir danna i den øvre delen av atmosfæren ved at nøytron frå kosmisk stråling bombarderer nitrogenatom:

\[\ce{^{14}N + ^1N = ^{14}C + ^1H}\]

Ved reaksjon med oksygen dannar 14C-isotopen 14CO2. Dette «merka» karbondioksidet blir oppteke av plantar og tre saman med vanleg karbondioksid. Ved å måle kor stor delen av 14CO2 er, kan alderen av plantane og trea blir bestemde, såkalla C-14-datering.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Smeltepunkt
3400 °C (grafitt, sublimeringspunkt)
Kokepunkt
Massetettheit
2,22 g/mL (grafitt)
Oksidasjontal
-IV, II, VI
Elektronkonfigurasjon
[He]2s²2p²

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg